Slåing av marka.

Kva vil du lese om?


Gjennom dei 20 åra Kirsti Pedersen Haugen budde i Ulstein, var ho sterkt med på å gi kulturlivet i Ulstein eit lyft. Ikkje berre med sine eigne scenebidrag, men like mykje ved å lyfte fram andre, ofte unge, talent.

Oshaugen er det største arkeologiske kulturminnet i Ulstein kommune, og mange vil kanskje leggje til at det er det mest storslagne også. Gravrøysa ligg høgt og fritt til på eit høgdedrag ved Osnessanden og med godt utsyn over skipsleia vest for Ulsteinvik. Fagfolk er usikre på kor gamal røysa er. Nokre meiner ho kan vere frå yngre bronsealder, andre frå eldre jarnalder (ca. 1000 f.Kr. – 400 e.Kr.). Generasjon etter generasjon har dermed levd og virka ved sida av Oshaugen. Denne artikkelen handlar om spora etter desse menneska.

Johan Sæter var sentral i oppbygginga av Sunnmøre Ungdomsskule i Ulsteinvik. Etter nokre lærarår i Sirdal og i Syvde, kom han til Ulstein og vart lærar ved denne skulen i 1935.

Snarvegar

Forteljinga om Ulstein

handlar om framsynte folk i ulike næringar, om politikarar og kommunetilsette som såg fram i tid og kva som var nødvendig i samtida; ikkje minst er Ulstein forteljinga om ein industri som fekk internasjonale dimensjonar. Men det er også historia om kultur og folkeliv, foreiningar og lag, ei idrettsrørsle i vekst og samling om kyrkje og bedehus.

Ditt medlemskap i Ulstein historielag støttar det viktige arbeidet om å ta vare på fortellinga om Ulsteinsamfunnet. Vi ynskjer deg velkomen som medlem.

Ulsteinvik sentrum. Fotograf er Gustav R. Osnes og bildet er frå 1903.

Bli medlem

Vi arbeidar for at all medlemskap i Ulstein historielag vil vere gjennom nettsidene. Det vil forenkle arbeidet. Klikk her for brukarmanual.

Om du ikkje har Vipps kan du betale medlemskapet til kontonummeret til Ulstein historielag 4137.30.40744.

Pluss-medlem
  • Medlemsskap i Ulstein Historielag
  • Årets utgåve av tidsskriftet Levd liv
  • Digital tilgong til alle artiklar
Medlem
  • Medlemskap i Ulstein Historielag